Meld deg på for info om tilflyttartreffet:
Meld deg på tilflyttartreffet 13. februar - vi gler oss til å sjå deg!
FlyttTilÅseral.no brukar informasjonskapslar for å analysere det generelle brukarmønsteret på kommunen sine nettsider.
Personvernerklæringa handlar om korleis Åseral kommune samlar inn og brukar informasjon om besøkande på nettstadane våre. Erklæringa inneheld informasjon du har krav på når det vert samla inn opplysningar frå nettstaden vår og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar.
Åseral kommune, ved rådmannen, er behandlingsansvarleg for verksemdas behandling av personopplysningar. Det er frivillig for dei som besøker nettstaden å oppgje personopplysningar i samband med å nytte del- og tipstenesta. Handsamingsgrunnlaget er samtykke frå den enkelte, med mindra anna er spesifisert.
Webanalyse, markedsføring og informasjonskapslar: Som ein viktig del av arbeidet med å lage ein brukarvenleg nettstad, ser me på brukarmønsteret til dei som besøker nettstaden. For å analysere informasjonen, brukar me analyseverktøyet Google Analytics.
Vi benytter Google Ads for å markedsføre nettsiden, og ved aksept av informasjonskapslar vil du akseptere bruk av personlig data til bruk i markedsføring, eksempelvis at vi viser deg annonser for vårt nettsted på andre nettsteder. Ved aksept sender nettleseren din automatisk enkelte typer informasjon til Google. Dette inkluderer nettadressen til siden du besøker, og IP-adressen din. Vi kan også plassere informasjonskapsler i nettleseren din eller lese informasjonskapsler som allerede er der. For utfyllende informasjon se Google’s Personvern og vilkår.
Google Analytics brukar informasjonskapslar/cookies (små tekstfiler som nettstaden lagrar på brukarens datamaskin) som registrerer brukarens IP-adresse og som gjev informasjon om den einskilde brukar si rørsle på nett. Eksempel på kva statistikken gjev oss svar på er; kor mange som besøker ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettstadar brukarane kjem i frå og kva nettlesarar som vert nytta. Ingen av informasjonskapslane gjer at me kan knyte informasjon om din bruk av nettstaden til deg som einskild person.
Informasjonen vert samla inn av Google Analytics, og vert lagra på Googles serverar i USA. Mottekne opplysningar er underlagt Googles retningsliner for personvern.
Ei IP-adresse er definert som ei personopplysning fordi den kan sporast attende til ei bestemt maskinvare og dermed til ein einskild person. Åseral kommune brukar Google Analytics sin sporingskode som anonymiserer IP-adressa før informasjonen vert lagra og bearbeidd av Google. Dermed kan ikkje den lagra IP-adressa brukast til å identifisere den einskilde brukaren.
Søk: Åseral kommune lagrar informasjon om kva søkjeord brukarane nyttar på nettstaden vår i Google Analytics. Formålet med lagringa er å gjera informasjonstilbodet vårt betre. Brukarmønsteret for søk vert lagra i aggregert form. Det er berre søkjeordet som vert lagra, og dei kan ikkje koplast til andre opplysningar om brukarane, slik som IP-adressene.
Side- og tenestefunksjonalitet: Det blir nytta informasjonskapslar i drift og presentasjon av data frå nettstaden. Slike informasjonskapslar kan innehalde informasjon om språkkode for språk brukaren har valt. Det kan vera informasjonskapslar med informasjon som stettar om lastbalanseringa av systemet, slik at alle brukarane blir sikra ei best mogleg oppleving. Ved tenester som krev innlogging eller søk, kan det bli brukt informasjonskapslar som sikrar at tenesta presenterer data til rett mottakar.