Meld deg på tilflyttartreffet 16. januar - vi gler oss til å sjå deg!

Noregs sørlegaste fjellparadis

I Sørlandet sin best bevarte hemmelegheit finn du den perfekte balansen mellom ro, tid til familien og eventyr på heia. Trygt, godt og med nærleik til både storby og sjø. Her treff du venlege, nevenyttige og kreative folk som verdset samhald og hygge!  

Åseral er ein turist- og kraftkommune med solid økonomi og vilje til å farge framtida grøn!

Senk skuldrene, lev godt og forelsk deg i heia med oss.

Bli med på tilflyttartreff 16. januar!
Kvelden for deg som vil bli kjent med Åseral, folk og moglegheiter.

Ein kveld for deg som:

  • Er ny i Åseral dei siste åra
  • Tenker på å flytte heim etter kvart
  • Jobbar frå/bur på hytta
  • Vil engasjere deg lokalt og bli kjend med folk
  • Lurer på å bygge hus/ser etter tomt i Åseral
  • Ser etter jobbmoglegheiter
  • Vil starte eigen bedrift
  • Er på jakt etter eit kontorfellesskap

Velkomen til ein informativ kveld med hygge, underhaldning, mingling og prøvesmaking på lokale godbitar. Me sjåast på Minne Kulturhus mandag 16. januar kl 19!

Vi gler oss til å sjå deg

16. januar 2023 kl 19
på minne kultursenter

Bli med på tilflyttartreff 16. januar!
Kvelden for deg som vil bli kjent med Åseral, folk og moglegheiter.

Ein kveld for deg som:

  • Er ny i Åseral dei siste åra
  • Tenker på å flytte heim etter kvart
  • Jobbar frå/bur på hytta
  • Vil engasjere deg lokalt og bli kjend med folk
  • Lurer på å bygge hus/ser etter tomt i Åseral
  • Ser etter jobbmoglegheiter
  • Vil starte eigen bedrift
  • Er på jakt etter eit kontorfellesskap

Velkomen til ein informativ kveld med hygge, underhaldning, mingling og prøvesmaking på lokale godbitar. Me sjåast på Minne Kultursenter mandag 16. januar kl 19!

Vi gler oss til å sjå deg

16. JANUAR 2023 KL 19 PÅ MINNE KULTURSENTER

Din draumeheim i Åseral

På tide å gjere bustaddraumen til verkelegheit? Vi kan hjelpe deg eit godt stykke på veg! Vi har nemleg fleire flotte bustadtomter til sals for berre kr 100 000. Det er valuta for pengane! Vi legg og til rette for spreidd busetjing ved å gi tilskot på kr 100 000 om du vil bygge der det ikkje er offentleg vatn og avløp.

Har du hytte i Åseral? Vi ønsker deg velkomen til å bu fast på hytta! Sjå kva retningsliner som gjeld og søk om bruksendring.

Det er også fleire bustadar til sals i Åseral på FINN.no

Og forresten, her slepp du å betale eigedomsskatt på bustad og fritidseigedom. 

Ønsker du å leige bustad rår vi deg til å sjekke FINN.no, men om du ikkje finn noko for deg, ta kontakt med oss! Det er ikkje alltid at dei eksisterande utleigebustadane vert annonsert offentleg, men vi kan sette deg i kontakt med potensielle utleigarar. 

Ditt yrkesliv i Åseral

Ser du etter jobb? Næringslivet vårt er i vekst! Ta en titt på ledige stillingar i Åseral på Finn.no, Arbeidsplassen og i Åseral kommune. Åseral si plassering på kartet gjer dessutan at det er kort pendlaravstand til større arbeidsmarknad, sjå til dømes ledige stillingar i Setesdal-regionen.

Om du ikkje fann noko på første søk kan du sende oss CV-en din, så skal vi sjå om vi kan hjelpe. 

 Jobbar du heime og saknar eit sosialt miljø? 

På Åseral Næringshus står attraktive kontorplassar å ventar på deg! Du er velkomen inn i eit aktivt næringsmiljø, der du kan slå av ein prat ved kaffemaskina og kanskje møte nokon å dele tankar, visjonar og idear med?
I dag huser Næringshuset mellom anna Sparebanken Sør og det lokale rekneskapskontoret.   

Pris frå kr 2734 per mnd.
Pris for grunderverksemder frå kr 1382 per mnd. 

Ta kontakt med vår trivelege næringssjef, Øyvin, for avklaringar.

Di bedrift i Åseral

Åseral er ein stad av nytenkande sjeler, og vi vil gjerne ha fleire hit! Turistnæringa er stor og veks stadig, og vi trur potensiale i denne marknaden er større enn det som vert utnytta i dag. Har du lyst til å skape din eigen arbeidsplass ved å tilby turistane eit produkt eller ei teneste? Ser du ein moglegheit ingen andre ser? Då vil Øyvin gjerne høyre frå deg!  

Øyvin har lang erfaring med næringsrådgjeving, han kjenner godt til ulike tilskotsordningar og kan hjelpe deg i søknadsprosessen. Du skal ikkje sjå bort frå at han har nokre gode råd på vegen, uansett kva fase du er i.

Treng du god plass for å realisere ideen, eller ser du kanskje etter nye lokale for di eksisterande bedrift? Vi har 12 dekar med tilrettelagte næringsareal for sal eller utleige, til attraktive prisar! 

Ta kontakt med næringssjef Øyvin på telefon 911 36 483 eller oyvin.moltumyr@aseral.kommune.no.

Dine barn si
oppvekst
i Åseral

Å vekse opp i Åseral er trygt, nært og godt, men ikkje berre det: Barna blir sett, utfordra og tatt godt vare på i skulen og barnehagen av kvalifiserte og engasjerte pedagogar. Åseral er faktisk den småkommunen med høgast tal på tilsette med pedagogisk utdanning i barnehagen, og vi skårar generelt svært høgt på Unicefs Kommuneanalyse frå 2021. Vi har investert, og skal halde fram å investere tid og ressursar i barn og unge – framtida vår. 

Åseral barne- og ungdomsskule og Åseral barnehage ligg nær kvarandre midt i kommunesenteret vårt, Kyrkjebygda. Barn og elevar har gjennom heile året tilgang på fantastiske fasilitetar som symjehall, ballbinge, stor fotballbane, fleirbrukshall, klatreveggar, handballbane, friidrettsanlegg og eit eige uteskule-område.

> Tilbake til toppen

Du har alltid noko å
finne på i Åseral.

Padletur

Ta med familien på ein kano- eller kajakktur. I Åseral er det moglegheiter for padling i storslått natur for nybyrjarar så vel som vidarekomne!

Turforslag

Vil du gå frå hytte til hytte i Setesdalsheiene mens du speidar etter villrein? Eller kva med å nå Noregs sørlegaste topp over 1000 meter? Det er grenselause moglegheiter for varierte turopplevingar i Åseral.

Fiskeplassar

Vil du fiske ein stad med godt merka sti og sitteplassar eller kanskje køyre heilt fram? Vi har tilrettelagte og tilgjengelege fiskeplassar for alle. Les meir om fiskekort og oppdag flotte fiskeområde. Det selges også fiskekort på Minne.

Terrengsykling

Kva med terrengsykling for heile familien i tilrettelagte løyper, stiar og vegar? I Bortelid er det gode moglegheiter for det! Langs løypene finn du også fleire gapahukar og grillbuer, så då er det vel berre å pakke sekken?

Vintersport

Du finn tre fantastiske destinasjonar for vintersport i Åseral: Bortelid, Ljosland og Eikerapen. Skituristar kjem i store hordar for å nyte godt preparerte langrennsløyper, faktisk over 200 km (!), og skitrekk med spennande nedfartar.

Gratis utlån av utstyr

Manglar du utstyr til turen? Slapp heilt av - du kan låne godt turutstyr på helsehuset!

Klatring

Klatre i ein høg og utfordrande klatrevegg eller i friluft med flott utsikt over Murtetjønn? Du vel sjølv!

Badeplassar

Kva med å bade i ein foss, grille på ei flott sandstrand eller dra med ein gjeng for sandvolleyball? Vi har fleire flotte badeplassar i Åseral.

TellTur

Blir du motivert av å registrere turane du går? Via appen “Norgeskart Friluftsliv” kan du sjekke inn på heile 16 turmål i Åseral kommune!

Frisbeegolf

Sommaren 2019 åpna Frisbeegolfbanen på Bortelid. Den dekker eit område på meir enn 200 dekar og har 18 korger. Dette er eit lågterskeltilbod som passar alle og kostnaden er minimal.

Glimt frå Åseral - midtpunktet i Agder

Play Video

Sommar i Åseral

Play Video

Bortelid fjellparadiset nær deg!

Vi er den mest innovative hyttekommunen!

Åseral er ein kommune med utrulege naturressursar og vakker natur. Vi elskar å bruke den, både for rekreasjon og for produksjon av rein, grøn energi. Våre fire vasskraftverk produserer i gjennomsnitt meir enn 1200 GWh årlig – det er ikkje småtteri.
Åsdølar er ikkje åleine om å setje pris på den mektige naturen vår. Så vel som ein god stad å bu, er Åseral nemleg ein populær destinasjon. I dag ligg det ca 2500 hytter innafor kommunegrensa. Meir hyttebygging? Ja, det er fint, tenker vi, så lenge vi gjer det på ein måte som varetek biologisk mangfald og minskar klimagassutslepp. Og det er nettopp det vi skal; Åseral skal bli ein nullutsleppsdestinasjon. Og startskotet på vegen mot det målet er innovasjonsprogrammet GNIST

Vi er den mest innovative hyttekommunen!

Åseral er ein kommune med utrulege naturressursar og vakker natur. Vi elskar å bruke den, både for rekreasjon og for produksjon av rein, grøn energi. Våre fire vasskraftverk produserer i gjennomsnitt meir enn 1200 GWh årlig – det er ikkje småtteri.
Åsdølar er ikkje åleine om å setje pris på den mektige naturen vår. Så vel som ein god stad å bu, er Åseral nemleg ein populær destinasjon. I dag ligg det ca 2500 hytter innafor kommunegrensa. Meir hyttebygging? Ja, det er fint, tenker vi, så lenge vi gjer det på ein måte som varetek biologisk mangfald og minskar klimagassutslepp. Og det er nettopp det vi skal; Åseral skal bli ein nullutsleppsdestinasjon. Og startskotet på vegen mot det målet er innovasjonsprogrammet GNIST

Bli medarrangement heile året

Åseral er ein fjell-

kommune på sørlandet

Mellom store hei- og fjellområde i indre Agder finn du vakre Åseral. Vi grensar i vest til Hægebostad og Kvinesdal, til Bygland i nord (-aust), Evje i aust og til Lyngdal i sør. Vi køyrer til Evje på berre ein god halvtime, og på under halvannan times køyring når vi Kristiansand, Mandal og Flekkefjord.

Din alderdom i Åseral: Åseralsheimen

Alle har rett til ein god alderdom! Vi har difor bygd ein topp moderne sjukeheim fullt av aktivitetstilbod, heimelaga mat og varme. Nokre har gått så langt som å kalle Åseralsheimen “Norwegian Assisted Senior Home with a hotel feeling”.

> Tilbake til toppen

Moderne og historiske landemerke

Lordehytta

Lordehytta er ei praktfull hytte som blei reist av Lord Salvesen for meir enn 100 år sidan. Han og familien hans brukte hytta som jakthytte, i vidstrakt og vakkert heieterreng i Åseral. Lordehytta ligg ved Vivatn og er i dag eit populært turmål for dei som likar å utfordre seg. Turen er omtrent 22 km tur/retur frå Røysland.

Minne Kultursenter

Her kan du oppleve Åseral sitt rike kulturliv og kulturarv, mellom anna gjennom ei arkeologisk utstilling, bygdemuseum, turistinformasjon og lokalhistoriske dokumentarfilmar. Minne Kultursenter er ein stad der folk treffest og er mellom anna fast tilhaldsstad for husflidslaget, dramagruppa og kunstgruppa i Åseral.

Sosteli

Sosteli er ein jarnaldergard som truleg var busett ved starten på vår tidsrekning (!). Gardsanlegget er ein viktig lokalitet for nordisk busettingsarkeologisk forsking fordi den er blant dei aller best bevarte jarnaldergardane i Europa. Sosteli er eit populært turistmål, og du finn den berre 2 km frå Kyrkjebygd i Åseral.

Tilflyttarvert Kari
Kari er ein sprudlande og positiv åsdøl med eit godt oversyn på det meste som skjer i kommunen. Ikkje nøl med å kontakte Kari viss du lurar på noko!
KARI RØYNLID​
tlf 38 28 58 00
Tilflyttarvert Janne
Janne er imøtekommande og lun og har god lokalkunnskap om Åseral. Ho svarar deg gjerne på spørsmåla du måtte ha!
JANNE THORSLAND ELVENES
tlf 38 28 58 00
Næringsutvikling i Åseral
Øyvin er ein triveleg og lun kar som gjerne høyrer frå deg. Øyvin er den rette å stille spørsmål knytt til tilskotsordningar, ledige næringsareal eller anna relevant for næring og gründerverksemd.
ØYVINN MOLTUMYR
tlf 38 28 58 00

Send inn skjemaet, så hjelper tilflyttarverten deg på veg!

Bruk dette skjemaet for å melde deg på tilflyttarkveld eller for å etterspørre ulike typar informasjon. Vi ser fram til å høyre frå deg og besvarar henvendelsar så fort det lar seg gjere.

11 fun facts - visste du at Åseral ...

1

Er den sørlegaste kommunen i landet som villreinen årleg er innom?

2

Kan by på den beste kringla du nokon gong har smakt?

3

Har mange lokale kunstnarar i bygda?

4

Har flest mjølkebruk i Agder?

5

Har ein gamal ferdselsveg som pilegrimar brukte på veg til Nidaros?

6

Har ein eigen song laga av Bare Egil?

7

Har eigen munnharpesmed?

8

Har beste filmregissør for filmar om lokal kulturhistorie?

9

Har ein noregsmeister i gjeterhund?

10

Har ein tobakkspinnefabrikk som framleis fungerer?

11

Har ein skatt skjult under ei helle?

Partnarar

Ei stor takk til alle som har bidrege med bilde, video og informasjon, m.a. Tor Olav Rydlende, Nina Alenka Ludwig, Arna Berg og dei som er representert ved logo nedanfor.